Welcome!
Film frå bryllaupet
No er videoen frå bryllaupet ferdig redigert, og gjestane våre i ferd med å få ei DVD-plate med filmen som takkekort. For alle andre er filmen lagt ut på desse nettsidene, slik at alle kan sjå kva som føregjekk i bryllaupet.


Ein treng treng nyaste utgåva av Quicktime for å sjå filmen. Viss ikkje kan han og sjåast her, men då i lågare kvalitet.
|
Turar
Pasted Graphic
Dei siste par månadane har eg vore på fleire turar. I oktober reiste Ania og eg til Skottland på kombinert bryllaupsreise og for å gå i bryllaupet til Aneta og Steven. Me kom til Skottland (Edinburgh) på fredagen og vart verande i byen til mondag. Bryllaupet var på laurdagen så me hadde litt tid til å sjå oss omkring både før og etter bryllaupet.

På mandagen leigde me bil og køyrde rundt i Skottland nokre dagar. Sjølv om veret ikkje var så godt var turen absolutt vert det. Landet var flott og godt tilrettelagt for tilreisande. Med leigebil, som sjølvsagt hadde rattet på feil (for oss) side var det ikkje noko som helst problem å køyre i Skottland, då folk køyrde fint. Bilete frå turen kan de sjå her og frå bryllaupet her.

Kort tid etter at me kom heim frå Skottland reiste eg saman med pappa og onkel Bjørn for å hente ein båt Bjørn har kjøpt. Lite gjekk som det skulle på turen, og etter mykje om og men kom me oss heim. Båten låg att i Fredrikshamn, som planlagd (det er for risikabelt å krysse havet i for dårleg ver). Bileta frå denne turen er enda ikkje lagt ut på nettet, men dei dukkar opp om ikkje alt for lenge. I mellomtida kan de jo sjå etter dei her.

Natt til i går reiste eg med natttoget til Oslo for å hente bilen som hadde vore på verkstad (nøkkelen og bilen slutta å fungere i lag). På førehand var eg ganske nervøs for dette, sidan vermeldingane slett ikkje var av dei beste. Likevel, jo meir avreisa nærma seg jo meir byrja eg glede meg.

Turen over fjellet gjekk over ei kvar forventning og heilt utan noko som helst problem. Heldigvis var det stort sett opphald over Haukeli, men elles var det mykje regn og redusert sikt. Bilen oppførde seg likevel eksemplarisk, sjølv i dei områda der det låg restar av snø og is i vegbana.

Turen tok ni timar og med eit bensinforbruk lågare enn 0,5 liter per mil er eg godt nøgd.
|
Jobbsøk
Sidan me no er på Stord, utan jobb, er me begge på utkikk etter jobb for tida. Forhåpentlegvis byrjar Ania med ein oversetjing- og konsulentjobb om ikkje så alt for lenge. Sjølv skriv eg søknader nesten dagleg. Les meir...
|
Bilete frå bryllaupet
Har de tatt nokre flotte bilete frå bryllaupet, og ønskjer å dele dei med oss, eller andre som var til stades?

Då kan de sende dei på e-post til for31led@photos.flickr.com. Bileta kjem då inn på nettsida me nyttar for å dele bilete med andre (flickr.com). Me kjem til å sjå gjennom bileta før dei vert tilgjengelege for alle, slik at me har nokolunde kontroll over kva som ligg på nettet.
|
Ein ny start
Sidan bryllaupet vårt no er overstått er det på tide å byrje sjå framover. Me har difor begge sagt opp jobbane våre i Bergen og me har flytta heim til Stord. Ania har allereie byrja med eit par, små oppdrag med øvesetjing, men sjølv har eg ikkje byrja jobbe enda.

Elles er det skjedd eit par oppdateringar på denne sida. I staden for to ulike dokument eg oppdaterer uavhengig av kvarandre får eg no ei, som eg forhåpentlegvis klarar å oppdatere litt oftare. Ein konsekvens av dette er at sida om bryllaupet etterkvart kjem til å forsvinne som ei eiga underside, men heller vert ein del av det du ser her.

Den praktiske informasjonen om reiser til Kraków kjem eg og til utvikle vidare, men og som ein del av desse sidene.

Uansett, bileta frå bryllaupet er i ferd med å bli lasta opp på på
flickr.com kontoen min. De er velkomne til å ta ein kikk med jamne mellomrom, og det er kjekt alltid med tilbakemeldingar!

|
GPS, Mac, fjord og bre
I jobben min hos Office line EDBergen arrangerer me kurs for kundane våre rundt ein eller to gonger i månaden. Den siste tida har eg hatt ansvaret for dei fleste av desse (særleg dei som er retta mot privatmarknaden) og eg har fortald mellom anna om bruk av GPS saman med ein Mac, redigering av film til DVD i iMovie og iDVD, samt om kva du kan gjere for å få best mogleg utbytte av ein iPod.

Ein jobbar utifrå at folk heile tida skal læra noko nytt frå meg, difor har eg tenkt å utvide denne sida med informasjon knytt til dei tema eg tek opp på desse gratiskursa me held for kundane våre, og frå internopplæringane eg held på jobben. Eg brukar mykje tid til å orientere meg i kva som er nytt, så eg håpar det kan bli mykje spennande på denne sida etterkvart. Alt dette kjem om så ikkje alt for lenge.

I tillegg har eg tenkt å laste ut mykje av den informasjonen og bileta eg tidlegare hadde på heimesida mi om 'Fjord- og Bre'-kurset på Høgskulen Stord/Haugesund.
|
Innhaldet på denne nettsida
Eg er framleis litt usikker på kva for innhald eg ønskjer å ha på denne nettsida. Eit krav for å få eit .no domene, slik som denne sida har, er at eigaren av sida er registrert i Brønnøysundregisteret. Då eg registrerte meg for nokre år sidan oppgav eg at eg ønskjer å knytte sterkare band mellom Noreg og Polen, i hovudsak gjennom turisme og utdanning. Eg har difor eit ønskje om at denne sida etterkvart kan bli eit godt hjelpmiddel i denne samanhengen.

Eg jobbar difor med tanken på at eg kan bruke denne sida til å vise kor mykje både Polen og Sunnhordland har å tilby, særskilt med tanke på aktive turistar. Sykling, fisking, fjell- padle- og båtturar er flotte aktivitetar som eg trur vil verte meir og meir populære blant turistar i årene som kjem.
|
Nye fotoalbum
Eg har lagt til to fotoalbum på nettsida, frå to turar eg hadde i den polske fjellheimen i november 2003. Det eine albumet er frå Babia Góra, eit fjellparti på grensa mellom Polen og Slovakia. Det vert sagt at denne fjelltoppen har den flottaste utsikta i heile Polen, og det er ikkje utenkjeleg at dette stemmer. Då eg var der låg skydekket over dalane under meg så det var ikkje så mykje eg såg, men eg fekk unekteleg kjensla av å vere på toppen av verda. Likevel, det var ein flott tur!

PTTK hytta i Gorce-fjella
Den andre turen var eg på to veker seinare. Denne helga var det meininga eg skulle gå saman med kjensfolk frå PTTK ved universitetet eg studerte, men sidan eg var opptatt på fredagen, starta eg aleine dagen etter. Planen var å krysse fjellet for deretter å møte dei andre i kveldinga. Det vart ein lang tur (25-30km) ein sein haustdag, og eg vart merkeleg nok svært trøytt mot slutten. Eg kom ikkje til hytta der dei andre budde før etter det var blitt mørkt, men det var ein utruleg flott tur!
|
Ny heimeside
Her kjem det etterkvart ei heilt ny heimeside. Fram til då er det relativt tomt her.
|