Nye fotoalbum
Eg har lagt til to fotoalbum på nettsida, frå to turar eg hadde i den polske fjellheimen i november 2003. Det eine albumet er frå Babia Góra, eit fjellparti på grensa mellom Polen og Slovakia. Det vert sagt at denne fjelltoppen har den flottaste utsikta i heile Polen, og det er ikkje utenkjeleg at dette stemmer. Då eg var der låg skydekket over dalane under meg så det var ikkje så mykje eg såg, men eg fekk unekteleg kjensla av å vere på toppen av verda. Likevel, det var ein flott tur!

PTTK hytta i Gorce-fjella
Den andre turen var eg på to veker seinare. Denne helga var det meininga eg skulle gå saman med kjensfolk frå PTTK ved universitetet eg studerte, men sidan eg var opptatt på fredagen, starta eg aleine dagen etter. Planen var å krysse fjellet for deretter å møte dei andre i kveldinga. Det vart ein lang tur (25-30km) ein sein haustdag, og eg vart merkeleg nok svært trøytt mot slutten. Eg kom ikkje til hytta der dei andre budde før etter det var blitt mørkt, men det var ein utruleg flott tur!
|