Jobbsøk
Sidan me no er på Stord, utan jobb, er me begge på utkikk etter jobb for tida. Forhåpentlegvis byrjar Ania med ein oversetjing- og konsulentjobb om ikkje så alt for lenge. Sjølv skriv eg søknader nesten dagleg.

Det største problemet med å vera jobbsøkjande på denne måten er at ein ikkje veit kor lang tid før det endrar seg. Eg har søkt både på annonserte jobbar og generelt til ulike selskap og ting tar tid uansett.

Det hadde vore kjekt etterkvart å få ein fot innanfor reiselivsnæringa etter kvart og difor har eg meldt meg på seminar om reiselivsutvikling både i Kvinnherad og i Haugesund. Kanskje treff eg einkvan der som treng hjelp og tilbyr meg ein jobb. Elles kunne eg godt tenkt meg å starte skikkeleg opp for meg sjølv. Har mange idéar, men idéar aleine er jo ikkje nok.
|