Transport



norwegian1_858

Om de ønskjer å reise til Kraków anbefalar me alle å kjøpe billett så snart som mulig, før prisane på flybillettane stig.



Til Kraków via Oslo


Norwegian flyr frå Oslo til Kraków fem dagar i veka. Om ein er tidleg ute kostar ikkje desse billettane meir enn 400 kr kvar veg. Til Oslo går det fly både frå Stord, Bergen, Haugesund og Stavanger, men Norwegian sine fly frå Bergen er både rimelege og korresponderar godt med flyet til Kraków.

Det går og direkte fly frå Oslo til Warszawa (Norwegian og LOT), noko som kan kombinerast med tog direkte til Kraków.

Nytt!! Ein kan no bestille billett heile vegen frå Bergen til Kraków frå Norwegian sine nettsider. Ein treng ikkje lenger kjøpe etappevis, og bagasjen kan no sjekkast in heile vegen.

Til Kraków via London


Om de flyr til London (Stansted) frå Haugesund (Ryanair) eller Bergen (Norwegian) er det fleire fly derifrå og vidare til Kraków, men tidspunktet på dagen gjer at det kanskje ikkje er mogleg å fly vidare same dagen. Likevel er det likevel mogleg. Sky Europe og Ryanair flyr dagleg direkte frå Stansted til Kraków.

Til Kraków:

Haugesund - Stansted (Ryanair)
Stansted - Kraków (Ryanair)

Retur til Haugesund:

Kraków - Stansted (SkyEurope)
Stansted - Haugesund (Ryanair)

Norwegian har i tillegg rimelege billettar mellom London og Bergen.


Til Kraków via København


SAS flyr til fleire Polske byar via Københamn. Det lettaste er truleg å reise til Warszawa, for deretter å ta tog til Kraków (tre timar). Det går fly både frå Bergen og Stavanger til Københamn, fleire gonger dagleg. Sjå på SAS sine nettsider for meir informasjon.

Via andre byar


I tillegg kan me jo opplyse om at Kraków er eit utmerka utgangspunkt for reiser til andre destinasjonar i regionen. Både Warszawa, Budapest og Wien ligg til dømes mindre enn 400 km frå Kraków, medan Berlin og Praha rundt 600 km. Alle desse destinasjonane kan lett nåast til dømes med buss eller tog.

Eit supert og ganske rimeleg alternativ i denne samanheng er å fly frå Bergen direkte til Praha (rundt kr 1000,- tur-retur med Norwegian), bli i byen eit par dagar og så ta natttoget til Kraków.