Attraksjonar i Kraków

collage_image collage_image collage_image
collage_image collage_image collage_image
collage_image collage_image collage_image
Det vert sagt om Kraków at byen er som henta frå eit eventyr. Det er ein eigen magi over byen, som trollbinder både dei som vitjar byen og fastbuande. Ein seier at om ein først har vore i Kraków kjem ein alltid attende, om ikkje anna enn i tankane.

Det er mykje som både kan og bør opplevast når ein vitjar Kraków, men det viktigaste er kanskje å stoppe litt opp, settje seg ned på ein kafe og slappe av.

Flotte, historiske monument og mystiske, underjordiske pubar, kafear og teater er alle med på å gje Kraków den magiske atmosferen, noko som mellom anna inspirerar både artistar og kunsterar til å fortelje om byen.