Reiselitteratur


Det er mykje som er sagt om Kraków og det viktigaste i den samanheng, i allefall når det gjeld for tilreisande, står det ein del om i bøkene nedanfor. Dessverre er det ingen reiseguidar om Kraków på norsk, men av engelsk litteratur er det eit godt utval. I den samanheng kan me anbefale bøkene nedanfor.
collage_image collage_image collage_image collage_image



'Thomas Cook Travellers to Krakow' kan me spesielt anbefale, då boka er skriven av ein kjenning, som jobba på skulen der eg var student.

'Visible Cities: Kraków' er og ei god bok, med mykje informasjon. Medan andre bøker ofte tar for seg distrikt for distrikt er denne boka i staden delt opp i tema, som til dømes arkitektur, kunst og museum, musikk og festivalar, og religiøse monument, noko som gjer at boka er blant våre favorittar.

'Eyewitness travel guide to Cracow' er og ei flott bok, men gjer deg ikkje den same bakgrunnsinformasjonen som dei to andre bøkene. I staden tar boka for seg ulike attraksjonar og viser, med skisser og illustrasjonar, detaljar og liknande. Eit flott supplement til dei to andre bøkene.

Kartet er eit standard kart over Kraków, som godt kan kjøpast i Kraków til ein lågare pris. Av og til kan det likevel å planleggje turen heime i stova, og då er eit kart alltid greitt å ha!