Om meg


Eg heiter Karl Olav og er ein friluftsinteressert Stordabu, nett komen heim til Stord etter eit år som salskonsulent i Bergen.

I 2001 gjekk eg siste året på reiselivslinja på BI Bergen, og var med på studietur til Kraków. Denne byen likte eg så godt at eit halvt år etter var eg tilbake som student ved det Jagiellonske universitetet.

I Kraków tok ei mastergrad innan Central- and Eastern European Studies, der eg fokuserte hovudsakleg på reiselivet i regionen. Sjølv om denne fokuseringa på reiseliv gjorde at eg gjorde det meste på eigahand synest eg dette var eit lærerikt studium.

I Kraków møtte eg og Ania, som eg no er gift med. Saman bur me no på "garasjeloftet", men ser etter jobb i regionen slik at me etterkvart kan få vår eigen plass å bu.