Program eg har sansen for


Eg kjøpte den første Mac-en i 2001 etter å ha brukt ein gammal Amiga 4000 i fleire år. Eg aldri korkje hatt eller vurdert ein Windows basert PC, og tvilar sterkt på om eg nokon gong kjem til å skaffe meg ein.

Eg har heile tida brukt datamaskina til å utvide horisonten og til å flytte grenser, og ein viktig grunn til at eg føretrekk Mac er det flotte utvalet med små, men effektive program, utvikla av kanskje ein eller to personar. Ei rekkje av desse gjer store, dyre programvarepakkar som Adobe Creative Suites og Microsoft Office heilt overflødige, i allefall til mitt bruk.

På denne sida ønskjer eg å presentere nokre av dei programma eg nyttar til dagleg.

Eg nyttar til dagleg:

RapidWeaver
RapidWeaver er utvikla av Real Mac Software, og er programmet eg hovudsakleg har nytta til å lage denne sida. Ved hjelp av eit par raske klikk er det fullt mogleg å lage si eiga nettside, som inneheld både fotoalbum, filmar, bloggar, html- og php-kode. Sjølve utforminga av sida skjer av at ein vel eit av dei mange innebygde temaa. Resten skjer stort sett ved at ein rett og slett fyller inn informasjon og alt blir klart.

Yojimbo
Yojimbo er eit program som hjelper deg med å ha oversikten over små ting du kjem over, etter treng ha tilgjenge til dagleg. Sjølve programmet nyttar mykje av den same utforminga som til dømes iPhoto eller iTunes, med eit bibliotek og ulike samlingar i venstre kant, og sjølve innhaldet i resten av vindauget. Du kan lage notatar, eller enkle dokument rett i programmet, eller du kan importere til dømes PDF-dokument, bokmerkjer eller heile nettsider. Sjølv har eg tildømes samlingar for skule, jobb og ulike prosjekt, slik at eg kan lagre relevant informasjon saman. Til dømes har eg i samanheng med bryllaupet vårt i sommar ei eiga samling for høvet. Her har eg mellom anna kopi av dei ulike flybillettane som me har kjøpt, lenkjer til nettsider med relevant informasjon, notatar og liknande. Ein annan nyttig funksjon er at ein kan lagre seriekodar og passord i programmet, samstundes som at til og med enkle dokument kan kodast slik at ein treng passord for å opne dei.

DevonThink
DevonThink er eit program som har mykje til felles med Yojimbo, men tilbyr mange fleire funksjonar sjølv om det etter mi oppfatning gjer det litt vanskelegare å bruke. Ut frå eiga røynsle kan eg vel anbefale Yojimbo til dagleg organisering og mindre prosjekt, medan DevonThink er betre eigna til til dømes forsking.

Delicious Library
Både Yojimbo og DevonThink kan til ei viss grad gjere det same som Delicious Library, men langt frå like elegant. Delicious Library er eit program som vert nytta til organisering av bøker, CD- og DVD-ar og spel. Ein legg lett til informasjon til dømes ved å skanne inn strekkoden til produktet ved hjelp av eit iSight-kamera eller skrive inn isbn-koden, før programmet finn resten av informasjonen på nettet. Dette blir deretter lagt inn i ei flott virtuell bokhylle som ser fristande ut å bruke.

OmniOutliner
Daylite
iWork (Keynote og Pages)
Google Earth
Salling Clicker / Romeo
ImageWell
VoodooPad
OmniGraffle



HighDesign
SketchUp
iStopMotion
iViewMedia
JetPhoto Studio
MacGourmet
Mellel
MediaCentral
CopyWrite